Mars 2022 Pasvikdalen - Neiden - Grense Jakobselv Tysdag 1. mars landa vi på Høybuktmoen klar for ein månads skitur i Pasvikdalen og Grense Jakobselv frå Storskog-området. Vi tenkte først å gå ulike skuterspor opp og ned dalen. Undervegs endra vi planane slik at då vi var ferdige med Pasvikdalen og "dens herligheter" bestemte vi oss for å gå over fjell og hei frå Vaggetem til Neiden - og då følgje spora til Finnmarksløpet. Vi drog pulk, telta, lånte koier / hytter o.a. Vi har hatt ein nydeleg tur - i vakker og variert natur, frå Pasvikdalens og nasjonalparkens rolege landskap til eit meir røft og ope landskap lengst aust mellom Storskog og Grense Jakobselv Vi visste at Pasvikdalen kan vere håplaus med sukkersnø og korleis kvaliteten og mengda på skuterspor kan vere. Vi var heldige, nokre spor var ganske attsnødd og vi gjekk litt i sukkersnø pga feilnavigering ein stad. Terje har gått Norge på langs i 2018 og starta i Grense Jakobselv og tok seg sørover Pasvikdalen, via...