Tysdag 1. mars landa vi på Høybuktmoen klar for ein månads skitur i Pasvikdalen og Grense Jakobselv frå Storskog-området. Vi tenkte først å gå ulike skuterspor opp og ned dalen. Undervegs endra vi planane slik at då vi var ferdige med Pasvikdalen og "dens herligheter" bestemte vi oss for å gå over fjell og hei frå Vaggetem til Neiden - og då følgje spora til Finnmarksløpet. Vi drog pulk, telta, lånte koier / hytter o.a.
Vi har hatt ein nydeleg tur - i vakker og variert natur, frå Pasvikdalens og nasjonalparkens rolege landskap til eit meir røft og ope landskap lengst aust mellom Storskog og Grense Jakobselv Vi visste at Pasvikdalen kan vere håplaus med sukkersnø og korleis kvaliteten og mengda på skuterspor kan vere. Vi var heldige, nokre spor var ganske attsnødd og vi gjekk litt i sukkersnø pga feilnavigering ein stad.
Terje har gått Norge på langs i 2018 og starta i Grense Jakobselv og tok seg sørover Pasvikdalen, via Treriksrøysa og litt i Finland før han tok inn ved Sulitjelma.
Han har også gått Finland på langs i 2019, men kom seg berre til Ivalo/Nellim pga mangel på snø og våren sette ein stoppar for å fullføre på ski.
I 2020 fullførte Terje denne etappen i Finland og Arnhild vart med (Polmak (Tana) - Sevettijärvi - Nellim - Treriksrøysa - Svanvik).
Så: No tok vi altså fly til Kirkenes og så buss først til Hesseng for proviantering på Kiwi og ompakking. Skiposen fekk vi oppbevare på ein butikk på Hesseng. Så vart det skulebussen til Svanvik og overnatting på Svanhovd, ei god opptakt til starten. Vi håpa å kunne begynne å gå litt denne dagen, men det går sjeldan buss så vi rakk ikkje det.
Vi vart såå godt tatt i mot sjølv om vi kom uanmelde og fekk eit fint rom og tilgang til godt kjøkken, laga oss god frokost og nistepakkar.


Onsdag 2. mars: Avspark tur: frå Svanhovd til ei grillhytte ikkje så langt frå Bjørnhytta
Vi gjekk etter vegen frå Svanhovd til Øverli, ca 8 km og tok av på skuterløype der - 16 km til Bjørnhytta, ei DNT-hytte som er ganske nyoppretta (overtatt etter nokon som heiter Bjørn til ettermamn altså). Dette er den DNT-hytta som ligg lengst aust i Norge. Vi gjekk forbi Myrbekkoia (her måtte Arnhild ordne litt med eit gryande gnagsår). Antakeleg passerte vi også FL-traseen som går tilbake frå Kirkenes til Neiden, var ein del spor av hund og aktivitet nær Myrbekkoia. Det snødde littegrann, temperaturen var grei, likeså forma.
Skuterløypa går etter skogsbilveg, det vart dårlegare forhold etterkvart og vi måtte vaspe litt i snø. Vi kom fram til endes av vegen og den delte seg - tar vi til høgre eller til venstre - hm. Vi gjekk først t.v. ca 1-2 km, men fann ikkje noko spor til Bjørnhytta. Vi gjekk tilbake og tok t.h. i krysset. Der kom vi etterkvart til eit anlegg som viste seg å vere eit villmarkshotell av enkelt slag. Terje leita litt etter kvar vi evt kunne gå vidare. Men no var det blitt mørkt, Vi begynte å tvile på om avmerkinga i eitt av karta var feil osv. Han fann ut at vi nok må renne ned på isen på Lille Sameti-vatnet. Vi fann oss ei grillhytte som var opa og der fekk vi fyrt opp, kokt vatn og laga mat. Det vart vel bortimot 28 km i bindingane denne første dagen.
Snøføyka ligg att på vindauga om morgonen
Torsdag 2. mars: Vi gler vi oss til å finne Bjørnhytta. Vi fekk ete, feia golv og rydda tølene våre og strauk avgarde på skia. Vi rann ned til Sameti-vatnet og etter ein kilometer (forbi osen) så fekk vi auge på Bjørnhytta inne i skogen. Vi hadde fått ein kode, men den verka ikkje, og det var ikkje dekning her. Vi gjekk nedatt på isen og fann etterkvart eit dekningspunkt slik at vi fekk ringt og fekk ny kode - og den verka.
Bjørnhytta er ei ubetjent og fin hytte, romsleg med kjøkken med gass, sittebenk og stolar rundt eit lite bord. Her er omn, vaskerom og ei stor "stove" med romslege liggebenkar, lesestoff og god plass. Det er plass til 4 gjester ordinært.
Vi vart to netter i denne hytta, prøvde oss på isfiske, men det var vanskeleg å få til noko. Det er grunne vatn inni her og vi opplevde at vatna kan vere botn-frosne. Terje utforska terrenget rundt hytta mtp på å kome oss inn på vegen bak hytta som går sørover til Malbekk-koia, Saimi-koia osv. Langt om lenge fann han eit fâr som førde fram. Så slapp vi å gå tilbake 2-3 km rundt det hotellet vi nemnde.
Pulkpakking og avmarsj for Saimi-koia (5-6 blå grader), ein moderat dagsmarsj.

















Kommentarer
Legg inn en kommentar